Quantcast
Channel: rådmann –Øyavis.no
Viewing all articles
Browse latest Browse all 3

Midsund på rådmannsjakt

$
0
0

Midsund kommune må nok ein gong finne ny rådmann etter at rådmann Geir Göncz har sagt opp stillinga si. Toppjobben i Midsund har dei siste åra vore prega av store utskiftingar.

Göncz har hatt jobben i to år. Han skal no begynne som kommunalsjef i Aukra kommune.
I kommunestyret før jul, orienterte ordførar Helge Orten om at Göncz var innvilga  studiepermisjon frå 1. januar til 28. februar. Sist veke sa han opp stillinga.
Etter at Göncz fekk permisjon, har formannskapet konstituert Ann Heidi Paulsen Orvik som ny rådmann for perioden 1. januar til 28. februar. Ho er i dag personalsjef i kommunen og vil i ein overgangsperiode skjøtte begge jobbane.

Arbeidstakarorganisasjonen Delta har reagert på måten konstitueringa skjedde på.
Delta, som mellom anna organiserer meir enn halvparten av dei tilsette på kommunehuset, har i eit brev til formannskapet stilt spørsmål om dei har mynde til å konstituere ny rådmann, og Delta føler at dei nok ein gong blir fullstendig overkøyrt i ei sak som berører arbeidstakarane.

Greitt med avklaring. Ordførar Helge Orten seier at han alt denne veka har kalla saman formannskapet for å  drøfte situasjonen og leggje ein strategi for prosessen framover.
Uansett kor raskt ei utlysing kjem, kan det bli seinsommar før ein ny permanent rådmann er på plass, avhengig av jobbsituasjon og oppseiingstid til den som blir tilsett.

Mange utskiftingar. Stillinga som administrativ toppsjef i Midsund kommune har dei siste åra vore prega av store utskiftingar og til dels mykje uro.
Med dagens konstituerte rådmann, har det sidan 1997 vore ni personar som har hatt jobben, anten som fast tilsett eller konstituert i kortare periodar.
Før den tid representerte Olaf Rogne stabilitet og sat i 16 år gjennom mesteparten av 1980 og 1990-talet.

Nurket Klem hadde jobben mellom 1997–99. Ole Jørgen Klausen var innom  nokre månader før han måtte slutte. Kurt M Thrana var rådmann mellom 1999 og 2005 då Dagfinn Aasen tok over. Han var i Midsund tre år før han enda opp i nabokommunen Aukra. Arild Sjøvik sat berre nokre få månader i 2008 før han trekte seg. Gunnar Kvalsund vart konstituert i ein kortare periode. Frank Westad har også vore konstituert. Geir Göncz begynte i Midsund i januar 2009. Ann  Heidi Paulsen Orvik er konstiuert fram til 28.2. 2011


Viewing all articles
Browse latest Browse all 3