Tidlegare ordførar Ketil Ugelvik (57) er blant søkarane til rådmannsstillinga i Midsund. Også konstituert rådmann Ann Heidi Orvik (39) er på søkarlista.
Det hadde kome inn i alt seks søknader då fristen gjekk ut 26. april.
Utanom Ugelvik og Orvik er det Lise Kjersem (37) frå Vestnes. Ho står oppført som student. John Helge Frøystad (45), Molde, er i dag prosjektleiar i Nesset kommune. To søkarar vil ikkje ha namna sine offentleggjort, men etter det vi får opplyst er det to menn.
Clik here to view.

Ann Heidi P. Orvik
Mange skifte. Stillinga som administrativ toppsjef i Midsund kommune har dei siste åra vore prega av mange utskiftingar. Med dagens konstituerte rådmann er det i alt ni personar som har vore innom stillinga sidan 1997.
Søkt tidlegare. Ketil Ugelvik er i dag rektor ved Midsund skule. Han har to periodar bak seg som ordførar (1995 – 2003) slik at han kjenner kommuneorganisasjonen frå innsida. Ugelvik var også søkar til stillinga i 2005. Då tilsette kommunestyret Dagfinn Aasen.
Det same var John Helge Frøystad, ein annan av dagens søkjarar.
Clik here to view.

Ketil Ugelvik
Snarleg avklaring. Ordførar Helge Orten håper tilsetjinga skal skje raskt. – Vi skal ha dei første tre til samtale alt denne veka, og vi reknar med å ha ei tilråding til kommunestyret i løpet av dei neste ein til to vekene. Om vi så innkallar til eit ekstraordinært kommunestyremøte i slutten av mai eller om vi avventar til det ordinære møtet i midten av juni, er enno ikkje avgjort, opplyser Orten.
Kommunestyret har nedsett ei eiga gruppe som skal vurdere søkjarane og kome med innstilling til kommunestyret. Gruppa består av ordførar Helge Orten, varaordførar Magne Reiten, hovudtillitsvalt, Oddny Grete Gangstad, Torunn Opstad Rakvåg frå leiargruppa og Ann Kristin Høgset som representerer dei tilsette på kommunehuset.
Så langt i prosessen har dei ikkje nytta ekstern ekspertise. Om dei vil gjere det seinare er ikkje avklart.