Kommunestyret vil i dag tilsette Ketil Ugelvik (57) som ny rådmann i Midsund
Dette synest klart etter som Ugelvik er einaste kandidat som er innstilt til stillinga.
Då Midsund kommune søkte etter ny rådmann tidlegare i år, kom det inn i alt seks søkjarar. To av desse fekk unntak frå offentlegheitslova. Dei fire andre var, utanom Ugelvik, konstituert rådmann, Ann Heidi Paulsen Orvik, John Helge Frøystad, og Lise Kjersem.
Kommunestyret har nedsett ei nemnd som skulle køyre prosessen og kome med ei innstilling til kommunestyret. I nemnda sat ordførar Helge Orten, varaordførar Magne Reiten, hovudtillitsvald Oddny Grete Gangstad, Torunn Rakvåg frå leiargruppa og Ann Kristin Høgset som representerte dei tilsette på kommunehuset.
Dei hadde tre av søkjarane inne til intervju.
Det var full semje i utvalet om å innstille Ugelvik, seier ordførar Helge Orten. –Vi meiner han er den best egna kandidaten.
I løpet av prosessen har fleire av dei andre trekt søknaden. Dermed har nemnda berre ein aktuell kandidat.
Skulle kommunestyret gå mot innstillinga og vrake Ugelvik, må stillinga lysast ut på nytt. Men det er nesten heilt utenkjeleg at det vil skje på kommunestyremøtet i dag.
Ugelvik har dei siste sju åra vore rektor ved Midsund skule. Før det var han ordførar i to periodar, så han kjenner både kommunen og organisasjonen godt.
Ordførar Orten vil ikkje spekulere i når ein ny rådmann vil vere på plass, men håper det kan skje før 1. oktober.